Bordgleder leverer
Bordgleder kan levere mat til deres kommune eller bedrift.
Vi har erfaring med å levere mat frå Rogaland i sør til Ofoten i nord. Til kommunen din kan vi vere behjelpeleg med middagslevering fast, eller i periodar der de har behov.
Vi kan hjelpe med mat til heimebuande og personar med behov for spesialkost.
Har de behov for leveranser av mat til deres ansatte eller kantine og treng varmmat,
har vi løysingar som er tilpassa og allsidige. Velbekomme!
Ta kontakt med oss for ein prat, eller ring oss gjerne på telefon: 474 68 090
Våre tenester
-

Mat til institusjonar
Vi leverar mat til alle institusjonar i Kinn kommune, frå Eikefjorden i sør til Deknepollen og Måløy i nord.
-

Mat til heimebuande
Bordgleder leverar mat til heimebuande i Kinn kommune, og har eigen ordning for levering frå dør til dør.
-

Ferjer og bedrifter
Vi leverar med glede mat til ferjer og bedrifter som i en travel kvardag treng ein stabil leverandør av god mat.
-

Lunsj- og møtemat
Vi leverar med glede lunsj- og møtemat i Kinn kommune. Ta kontakt med oss via vårt skjema eller ring oss for nærare avtale.
Ny godkjenning frå Mattilsynet
No som Bordgleder skal auke volum og lage meir god mat, er det sjølvsagt med krav om strengare mattryggleik.
19.januar 2026 vart Bordgleder godkjend av Mattilsynet og oppfyller dei utvida krava til mattryggleik, hygiene og sporbarheit. Vi er no godkjende og har fått tildelt EFTA-nummer 3031.
For å få eit EFTA-nummer må verksemda søkje om godkjenning hos Mattilsynet. Berre verksemder som oppfyller regelverkskrava til mattryggleik, hygiene og sporbarheit, blir godkjende og tildelte eit EFTA-nummer. Når nummeret er på plass, blir det eit varig kjenneteikn for verksemda.
EFTA-nummeret vil etter kvart finnast på alt vi produserer. Det er ein ID tildelt av Mattilsynet som viser kva produksjonsanlegg som sist foredla eller pakka produktet før det gjekk ut i butikk, til storkjøkken eller til forbrukar.
PARTNARAR
Bordgleder samarbeider med eit utval av underleverandørar
Som logoane over antydar, har Bordgleder Kinn kommune KF eit fast samarbeid med ulike, utvalde partnarar som til dømes Nortura, Tine, Safari Engros , Too Good To Go , Norled, Boreal o Servicegrossistene. Desse er faste kundar og leverandørar.
Bordgleder har inngått desse samarbeidsavtalane mellom anna for å sikre høg kvalitet på råvarene, men og for å sikre levering til einkvar tid. I tillegg gjer desse faste avtalene betre pris, då me kan bestille større kvanta råvarer til faste tider.
Desse faste samarbeidsavtalane med leverandørane er viktige for oss, for at Bordgleder skal kunne levere mat til alle kundane våre heile veka, heile året gjennom.
Kontakt oss
E-post: post@bordgleder.no
(+47) 474 68 090
Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø